Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 29:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Ein slave lèt seg ikkje oppdra med ord,han forstår dei nok, men bryr seg ikkje.

20. Ser du ein mann som er snar når han talar– det er større håp for dåren enn for han.

21. Skjemmer ein slaven sin bort frå han er ung,endar det med at han blir ulydig.

22. Den snarsinte valdar trette,den hissige gjer mange feilsteg.

23. Hovmod fører menneske til fall,men den audmjuke vinn ære.

24. Helaren hatar sitt eige liv,dei tek han i eid, men han vil ikkje vitna.

25. Den som er redd menneske, set ei snare for seg sjølv,men den som stolar på Herren, har eit vern.

26. Mange prøver å vinna velvilje hos ein herskar,men eit menneske får sin rett frå Herren.

27. Dei rettferdige avskyr den som gjer urett,dei urettferdige avskyr den som lever rett.

Les hele kapitlet Ordtaka 29