Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 29:13-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Fattig og undertrykkjar møtest, Herren gjev begge lys i auga.

14. Når ein konge dømmer dei fattige rettferdig,står trona hans fast for alltid.

15. Ris og tilrettevising gjev visdom,men ein gut med frie taumar fører skam over mor si.

16. Blir dei urettferdige mange, aukar synda,men dei rettferdige får sjå at dei fell.

17. Oppdra son din, så gjev han deg roog fyller deg med glede.

18. Utan openberring fer folket vill,sæl er den som held lova.

19. Ein slave lèt seg ikkje oppdra med ord,han forstår dei nok, men bryr seg ikkje.

20. Ser du ein mann som er snar når han talar– det er større håp for dåren enn for han.

21. Skjemmer ein slaven sin bort frå han er ung,endar det med at han blir ulydig.

22. Den snarsinte valdar trette,den hissige gjer mange feilsteg.

23. Hovmod fører menneske til fall,men den audmjuke vinn ære.

24. Helaren hatar sitt eige liv,dei tek han i eid, men han vil ikkje vitna.

25. Den som er redd menneske, set ei snare for seg sjølv,men den som stolar på Herren, har eit vern.

Les hele kapitlet Ordtaka 29