Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 27:4-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Harmen er grufull, vreiden er ein flaum,men kven kan stå seg mot sjalusi?

5. Betre er open kritikk enn skjult sympati.

6. Sår frå ein ven er til å lita på,men fiendens kyss er svikefulle.

7. Den mette vrakar den finaste honning,alt beiskt smakar søtt for den svoltne.

8. Lik ein fugl som flyg frå reiret,er ein mann som flyg frå heimen.

9. Olje og røykjelse gleder hjartet,god venskap styrkjer sjela.

10. Gjev ikkje slepp på din venog på venen til far din;gå ikkje heim til ein brorpå ulukkedagen din.Betre med ein nær granneenn ein bror langt borte.

11. Bli vis, son min, og gled mitt hjarte,så eg kan svara dei som håner meg.

12. Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg,dei vitlause går på og får si straff.

Les hele kapitlet Ordtaka 27