Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 27:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet,finn det eine menneske sitt hjarte att hos det andre.

20. Dødsrike og avgrunn blir aldri mette,og menneskeauga får aldri nok.

21. Sølv prøver ein i digelenog gull i smelteomnen,og mannen når han får ros.

22. Støyter du den dumme i mortarenog knuser han saman med kornet,går dumskapen likevel ikkje av han.

23. Merk deg korleis sauene ser ut,syt vel for buskapen din!

24. For rikdom varer ikkje evig.Går eit diadem frå slekt til slekt?

25. Når nytt gras kjem til syne etter slåttenog høyet frå fjella er samla inn,

26. då har du lam som gjev deg klede,og bukkar til å kjøpa jord for,

27. du har geitemjølk nok til å fø deg sjølv og ditt husog livsopphald for tenestejentene.

Les hele kapitlet Ordtaka 27