Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 25:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Du skal ikkje framheva deg sjølv når kongen ser på,stig ikkje fram på plassen til dei store!

7. For det er betre at dei seier til deg:«Kom og set deg her oppe!»enn at dei flytter deg ned på grunn av ein stormann.Kva du så ser med eigne auge,

8. ver ikkje for snar til å reisa sak.For kva vil du gjera til sistnår nesten din fører skam over deg?

9. Før berre saka med nesten din,men røp ikkje ein annans løyndomar!

10. Elles vil den som høyrer det, klandra deg;ryktet du spreier, kan ikkje kallast tilbake.

11. Som eple av gull i eit smykke av sølver ord ein talar i rette tid.

12. Som ein ring av gull, som eit smykke av fint guller refsingsord frå den vise til ein som vil høyra.

13. Som svalande snø når det er tid for å hausta,er eit trufast sendebod for den som sende han,han gjev herren sin nye krefter.

14. Lik skyer og vind som ikkje gjev regn,er den som skryter av gåver han ikkje gjev.

15. Med tolmod blir hovdingen overtala,ei mild tunge knuser bein.

Les hele kapitlet Ordtaka 25