Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 25:18-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Som ei klubbe, eit sverd, ei kvass piler den som vitnar falskt mot nesten.

19. Som ei ròten tann, ein vaklande foter det å stola på ein svikar når nauda kjem.

20. Som å kasta kappa ein vinterdag,som å slå eddik på sårer det å syngja for eit sorgfullt hjarte.

21. Er fienden din svolten, så lat han få mat,er han tørst, så gjev han vatn å drikka.

22. Då samlar du glødande kol på hovudet hans,og Herren skal løna deg.

23. Nordavinden føder regn,baktale føder sinte andlet.

24. Betre å bu i ein krok på taketenn å dela hus med trettekjær kvinne.

25. Kaldt vatn for den som er sliten,slik er godt nytt frå framandt land.

26. Ei grumsete kjelde, ein utskjemd brønner ein rettferdig som gjev etter for ein urettferdig.

27. Å eta for mykje honning er ikkje godt,heller ikkje stendig å trå etter ære!

28. Lik ein øydelagd by med nedriven murer den som ikkje kan styra sitt sinn.

Les hele kapitlet Ordtaka 25