Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 25:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Lik skyer og vind som ikkje gjev regn,er den som skryter av gåver han ikkje gjev.

15. Med tolmod blir hovdingen overtala,ei mild tunge knuser bein.

16. Finn du honning,så et ikkje meir enn du treng,elles blir du for mett og må kasta opp.

17. Set ikkje for ofte foten i huset til venen din,elles blir han lei av deg og får avsky for deg.

18. Som ei klubbe, eit sverd, ei kvass piler den som vitnar falskt mot nesten.

19. Som ei ròten tann, ein vaklande foter det å stola på ein svikar når nauda kjem.

20. Som å kasta kappa ein vinterdag,som å slå eddik på sårer det å syngja for eit sorgfullt hjarte.

21. Er fienden din svolten, så lat han få mat,er han tørst, så gjev han vatn å drikka.

22. Då samlar du glødande kol på hovudet hans,og Herren skal løna deg.

Les hele kapitlet Ordtaka 25