Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 25:12-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Som ein ring av gull, som eit smykke av fint guller refsingsord frå den vise til ein som vil høyra.

13. Som svalande snø når det er tid for å hausta,er eit trufast sendebod for den som sende han,han gjev herren sin nye krefter.

14. Lik skyer og vind som ikkje gjev regn,er den som skryter av gåver han ikkje gjev.

15. Med tolmod blir hovdingen overtala,ei mild tunge knuser bein.

16. Finn du honning,så et ikkje meir enn du treng,elles blir du for mett og må kasta opp.

17. Set ikkje for ofte foten i huset til venen din,elles blir han lei av deg og får avsky for deg.

18. Som ei klubbe, eit sverd, ei kvass piler den som vitnar falskt mot nesten.

19. Som ei ròten tann, ein vaklande foter det å stola på ein svikar når nauda kjem.

Les hele kapitlet Ordtaka 25