Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 24:9-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Påfunna til den dumme er synd,spottaren møter avsky blant folk.

10. Mistar du motet på den dagen du er i naud,har du òg mista din styrke.

11. Berg dei som blir førte til døden,hald att dei som vaklar mot rettarstaden!

12. Seier du: «Vi visste det ikkje»,så ser han det, han som prøver hjarta.Han som vaktar livet ditt, veit detog gjev kvar og ein att etter det han har gjort.

13. Et honning, son min, for den er god,flytande honning er søt for ganen.

14. Og vit at slik er visdomen for sjela.Finn du den, har du ei framtid,ditt håp er ikkje ute.

15. Ligg ikkje på lur som ein urettferdigder den rettferdige bur,legg ikkje heimen hans øyde!

16. Sju gonger kan den rettferdige fallaog reisa seg att,men dei urettferdige snublar i det som er vondt.

17. Gled deg ikkje når fienden din fell,hjartet skal ikkje jubla når han snublar.

18. Då vil Herren sjå på det med uviljeog venda vreiden sin bort frå han.

19. Ver ikkje harm på dei som gjer vondt,og misunn ikkje dei lovlause!

20. For dei vonde har inga framtid,lampa til dei urettferdige sloknar.

21. Frykt Herren og kongen, son min!Slå deg ikkje saman med dei som vil forandra.

22. For brått kan ulukka ramma dei.Kven veit kva slag øydelegging dei to kan senda?

23. Dette òg er ord av dei vise:Det er gale å gjera skilnad på folk i retten.

24. Seier nokon til ein skuldig:«Du er uskuldig»,vil folk forbanna hanog folkeslag fordømma han.

25. Men dei som dømmer rett, går det vel,lukke og velsigning kjem over dei.

26. Eit ærleg svarer eit kyss på leppene.

27. Fullfør arbeidet ute,gjer deg ferdig på åkeren,så kan du byggja deg hus.

28. Ver ikkje utan grunn vitne mot nesten din,så du svik han med leppene dine.

Les hele kapitlet Ordtaka 24