Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 24:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Misunn ikkje vonde menneske,lengt ikkje etter å vera saman med dei!

2. For hjartet deira tenkjer på vald,og leppene talar om ulukke.

3. Med visdom blir huset bygd,og med innsikt blir det reist.

4. Med kunnskap blir romma fylteav dyre og fine skattar.

5. Ein mann som er vis, har styrke,den som har kunnskap, er full av kraft.

6. Legg planar før du fører krig,når mange gjev råd, vinn du siger.

7. Visdomen heng for høgt for den dumme,i byporten opnar han ikkje sin munn.

8. Den som legg vonde planar,blir kalla renkesmed.

9. Påfunna til den dumme er synd,spottaren møter avsky blant folk.

10. Mistar du motet på den dagen du er i naud,har du òg mista din styrke.

Les hele kapitlet Ordtaka 24