Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 23:7-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. For han er slik han tenkjer inst inne.Han seier nok til deg: «Et og drikk»,men hjartet hans er ikkje med deg.

8. Den biten du har ete, må du kasta opp att,dine venlege ord er bortkasta.

9. Snakk ikkje til ein dåre,han foraktar dine kloke ord.

10. Flytt ikkje gamle grensesteinar,gå ikkje inn på farlauses grunn!

11. For dei har ein sterk løysingsmann,og han skal føra saka dei har mot deg.

12. Opna hjartet ditt for formaningog øyret for forstandige ord!

13. Lat ikkje guten vera utan formaning!Gjev du han ris, skal han ikkje døy.

14. Når du slår han med riset,bergar du han frå dødsriket.

15. Son min, har du visdom i hjartet,blir det òg glede i hjartet mitt.

16. Nyrene mine jublarnår leppene dine seier det som er rett.

17. Ditt hjarte skal ikkje misunna syndarar,men alltid med iver frykta Herren!

18. Då har du ei framtid,ditt håp er ikkje ute.

19. Høyr no, son min, og bli vis,styr hjartet inn på rette vegar!

20. Ver ikkje blant dei som drikk seg fulle på vinog fråtsar i kjøt.

21. For drankaren og fråtsaren blir fattige,den søvndrukne blir kledd i filler.

22. Høyr på far din, som gav deg livet,sjå ikkje ned på di gamle mor!

23. Kjøp deg sanning og sel henne ikkje,kjøp visdom, formaning og innsikt!

Les hele kapitlet Ordtaka 23