Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 23:3-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Ha ikkje lyst på dei lekre rettene hans,for det er svikefull kost.

4. Slit deg ikkje ut for å bli rik!Hald opp med det, forstandig som du er.

5. Når du ser etter rikdomen, er han borte;brått får han vengerog flyg mot himmelen som ei ørn.

6. Et ikkje mat hos ein som er gjerrig,ha ikkje lyst på dei lekre rettene hans!

7. For han er slik han tenkjer inst inne.Han seier nok til deg: «Et og drikk»,men hjartet hans er ikkje med deg.

8. Den biten du har ete, må du kasta opp att,dine venlege ord er bortkasta.

9. Snakk ikkje til ein dåre,han foraktar dine kloke ord.

10. Flytt ikkje gamle grensesteinar,gå ikkje inn på farlauses grunn!

11. For dei har ein sterk løysingsmann,og han skal føra saka dei har mot deg.

12. Opna hjartet ditt for formaningog øyret for forstandige ord!

13. Lat ikkje guten vera utan formaning!Gjev du han ris, skal han ikkje døy.

14. Når du slår han med riset,bergar du han frå dødsriket.

15. Son min, har du visdom i hjartet,blir det òg glede i hjartet mitt.

16. Nyrene mine jublarnår leppene dine seier det som er rett.

17. Ditt hjarte skal ikkje misunna syndarar,men alltid med iver frykta Herren!

18. Då har du ei framtid,ditt håp er ikkje ute.

Les hele kapitlet Ordtaka 23