Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 23:23-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Kjøp deg sanning og sel henne ikkje,kjøp visdom, formaning og innsikt!

24. Ein far jublar høgt over ein rettferdig son,den som får ein vis son, blir glad.

25. Ver til glede for far din og mor di,lat henne som fødde deg, jubla.

26. Son min, gjev meg ditt hjarte,lat auga sjå med glede på mine vegar!

27. Ei hore er ei djup grav,ei framand kvinne er ein trong brønn.

28. Ja, ho ligg på lur som ein røvarog aukar talet på trulause menn.

29. Kven ropar akk, kven ropar ve,kven må krangla, og kven må klaga?Kven har utan grunn fått sår,og kven har sløve auge?

30. Jau, dei som sit lenge oppe over vinen,dei som kjem for å smaka på kryddervinen.

31. Sjå ikkje på vinen, kor raud han er,kor fint han blenkjer i kruset,og kor lett han renn ned.

32. Til sist bit han som ein slange,han høgg som ein orm.

33. Då ser auga dine underlege ting,og hjartet snakkar tull og tøv.

34. Det er som var du midt ute på havetog sov høgt oppe i riggen.

35. «Dei slo meg, men det gjorde ikkje vondt.Dei banka meg, men eg kjende det ikkje.Når skal eg vakna?Eg vil ha meir å drikka!»

Les hele kapitlet Ordtaka 23