Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 21:7-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Lovlause blir drivne bort av si eiga valdsferd,for dei nektar å gjera det som er rett.

8. Skuldtyngd mann går krokete vegar,den som er rein, handlar rett.

9. Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus med trettekjær kvinne.

10. Den lovlause har lyst til det vonde,han viser ingen nåde mot sin neste.

11. Når ein spottar får straff, blir den vitlause klok,når ein vis får lærdom, tek han kunnskapen til seg.

12. Den rettferdige legg merke til den lovlauses hus;han støyter dei urettferdige ut i ulukke.

13. Den som stengjer sitt øyre når den fattige skrik,skal sjølv ropa utan å få svar.

14. Ei gåve i løyndom mildnar vreide,stikkpengar i lomma stiller stor harme.

15. At ein gjer det rette,er ei glede for den rettferdige,men ei gru for dei som gjer urett.

16. Den som villar seg bort frå klokskaps veg,hamnar blant daudingar.

17. Den som elskar fest, blir fattig,den som elskar vin og olje, blir aldri rik.

18. Den urettferdige er løysepenge for den rettferdigeog svikaren for dei rettskafne.

19. Betre å bu i ørkenlandetenn med ei sint og trettekjær kvinne.

20. Dyre skattar og olje finst der den vise bur,dåren sløser bort alt.

21. Den som jagar etter rettferd og godleik,finn liv og rettferd og ære.

22. Ein klok mann kan storma ein by full av heltarog bryta byens sikre vern.

Les hele kapitlet Ordtaka 21