Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 21:21-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Den som jagar etter rettferd og godleik,finn liv og rettferd og ære.

22. Ein klok mann kan storma ein by full av heltarog bryta byens sikre vern.

23. Den som aktar sin munn og si tunge,bergar sitt liv frå trengsler.

24. Den frekke og stolte skal kallast ein spottar,hovmodig og frekt fer han fram.

25. Det den late ønskjer, fører til død,for han vil ikkje arbeida med hendene.

26. Han ønskjer og ønskjer dagen lang,men den rettferdige gjev og sparer ikkje.

27. Avskyeleg er offer frå urettferdige,og endå meir når dei ber det fram med vondt i tankar.

28. Eit falskt vitne går til grunne,men den som høyrer etter, vil alltid få ordet.

29. Den urettferdige går med frekk mine,den rettskafne er stø i si ferd.

30. Ingen visdom, inga innsikt eller rådkan stå seg framfor Herren.

31. Hesten blir gjord klar til stridens dag,men det er Herren som gjev siger.

Les hele kapitlet Ordtaka 21