Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 21:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Den som villar seg bort frå klokskaps veg,hamnar blant daudingar.

17. Den som elskar fest, blir fattig,den som elskar vin og olje, blir aldri rik.

18. Den urettferdige er løysepenge for den rettferdigeog svikaren for dei rettskafne.

19. Betre å bu i ørkenlandetenn med ei sint og trettekjær kvinne.

20. Dyre skattar og olje finst der den vise bur,dåren sløser bort alt.

21. Den som jagar etter rettferd og godleik,finn liv og rettferd og ære.

22. Ein klok mann kan storma ein by full av heltarog bryta byens sikre vern.

23. Den som aktar sin munn og si tunge,bergar sitt liv frå trengsler.

24. Den frekke og stolte skal kallast ein spottar,hovmodig og frekt fer han fram.

25. Det den late ønskjer, fører til død,for han vil ikkje arbeida med hendene.

Les hele kapitlet Ordtaka 21