Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 21:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Kongens hjarte er rennande vatn i Herrens hand;han leier det dit han vil.

2. Ein mann kan synast at all hans ferd er rett,men Herren prøver hjarta.

3. Å gjera det som er rett og rettferdig,er meir verdt for Herren enn offer.

4. Stolte auge og hovmodig hjarte –lyset til dei urettferdige er synd.

5. Det den flittige planlegg, gjev vinning,men hastverk fører berre til tap.

6. Å skaffa seg skattar ved ei tunge som lyg,er ein flyktig pust hos dei som søkjer døden.

7. Lovlause blir drivne bort av si eiga valdsferd,for dei nektar å gjera det som er rett.

8. Skuldtyngd mann går krokete vegar,den som er rein, handlar rett.

9. Betre å bu i ein krok på taketenn å vera i hus med trettekjær kvinne.

10. Den lovlause har lyst til det vonde,han viser ingen nåde mot sin neste.

11. Når ein spottar får straff, blir den vitlause klok,når ein vis får lærdom, tek han kunnskapen til seg.

12. Den rettferdige legg merke til den lovlauses hus;han støyter dei urettferdige ut i ulukke.

13. Den som stengjer sitt øyre når den fattige skrik,skal sjølv ropa utan å få svar.

14. Ei gåve i løyndom mildnar vreide,stikkpengar i lomma stiller stor harme.

Les hele kapitlet Ordtaka 21