Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 20:5-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Som djupt vatn er tankane i menneskehjartet,den som har vit, kan ausa av dei.

6. Mange ropar om sin eigen truskap,men kvar finst den ein kan lita på?

7. Den rettferdige er heil i si ferd,heldige er borna etter han.

8. Ein konge som sit i dommarsetet,skil ut alt vondt med sitt blikk.

9. Kven kan seia: «Eg har halde hjartet reint,eg er reinsa for synd»?

10. To slag vekt og to slag mål, Herren avskyr dei begge.

11. Jamvel ein ung gut viser i handlingom det han gjer, er reint og rett.

12. Øyret som høyrer, og auget som ser, Herren har skapt dei begge.

13. Elsk ikkje søvnen, for då blir du fattig,lat opp auga og et deg mett.

14. «Berre skrap», seier kjøparen,men når han går bort, er han fornøgd med seg sjølv.

15. Det finst gull og perler i mengd,men klok tale er eit sjeldsynt smykke.

Les hele kapitlet Ordtaka 20