Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 20:23-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Herren avskyr to slag lodd,falsk vekt er ikkje av det gode.

24. Det er Herren som styrer mannens steg.Korleis kan mennesket skjøna sin veg?

25. Det er ei snare for mennesket å gje heilage lovnaderfør ein har tenkt seg om.

26. Den vise kongen skil ut dei urettferdigeog lèt hjulet rulla over dei.

27. Ånda hos mennesket er ei Herrens lampe,ho ransakar alle rom i hans indre.

28. Miskunn og truskap er eit vern om kongen,han stør si trone på miskunn.

29. Styrke er ein prydnad for dei ungeog grått hår ei ære for dei gamle.

30. Sviande sår reinsar bort det vonde,slag reinsar dei inste rom.

Les hele kapitlet Ordtaka 20