Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 20:14-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. «Berre skrap», seier kjøparen,men når han går bort, er han fornøgd med seg sjølv.

15. Det finst gull og perler i mengd,men klok tale er eit sjeldsynt smykke.

16. Ta kleda frå den som har kausjonert for ein framand,ta dei i pant for dei ukjende!

17. Brød frå løgn smakar godt,men sidan fyllest munnen med grus.

18. Om ein held råd, lukkast planane.Legg planar før du fører krig!

19. Den som baktalar, røper det hemmelege,hald ikkje lag med den som er lausmunna!

20. Den som forbannar far sin og mor si,hans lampe skal slokna når mørkret kjem.

21. Ein arv som ein riv til seg for tidleg,gjev inga velsigning til slutt.

22. Sei ikkje: «Eg vil gjengjelda det vonde.»Vent på Herren, så hjelper han deg!

23. Herren avskyr to slag lodd,falsk vekt er ikkje av det gode.

24. Det er Herren som styrer mannens steg.Korleis kan mennesket skjøna sin veg?

25. Det er ei snare for mennesket å gje heilage lovnaderfør ein har tenkt seg om.

Les hele kapitlet Ordtaka 20