Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 20:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Vinen er ein spottar,sterk drikk er ein skrålhals,vitlaus er den som ravar i rus.

2. Når kongen trugar, er det som løvebrøl,den som gjer han sint, set livet på spel.

3. Å halda seg frå trette er ei ære for mannen,den som er dum, yppar til strid.

4. Den late vil ikkje pløya om hausten,han ventar avling, men får inga.

5. Som djupt vatn er tankane i menneskehjartet,den som har vit, kan ausa av dei.

6. Mange ropar om sin eigen truskap,men kvar finst den ein kan lita på?

7. Den rettferdige er heil i si ferd,heldige er borna etter han.

Les hele kapitlet Ordtaka 20