Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 18:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Før mannen fell, er han stolt i hjartet,føre ære går audmjukt sinn.

13. Den som svarar før han høyrer,er dum og haustar skam.

14. Motet held eit menneske oppe i sjukdom,men mismot, kven kan bera det?

15. Eit klokt hjarte kjøper seg kunnskap,vismenns øyre søkjer kunnskap.

16. Gåver opnar dørerog gjev tilgang til dei store.

17. Den som talar først i ei sak, får rett,til motparten kjem og spør han ut.

18. Loddkasting gjer ende på tretterog avgjer strid mellom mektige.

19. Ein krenkt bror er ein festningsby;krangel er som bommen på ein borgport.

20. Magen nyt godt av det munnen ber fram,leppene ber frukt som mettar.

21. Tunga har makt over død og liv,dei som gjerne bruker henne, får smaka frukta.

22. Den som finn ei kone, finn lukka;han har vunne velvilje hos Herren.

23. Den fattige kjem med bøn om nåde,den rike svarar med harde ord.

24. Det finst vener som skader kvarandre,men ein sann ven er meir trufast enn ein bror.

Les hele kapitlet Ordtaka 18