Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 18:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein einstøing følgjer si eiga lyst,glefser mot alle kloke råd.

2. Dåren bryr seg ikkje om innsikt,han vil berre visa kva han tenkjer sjølv.

3. Kjem ein urettferdig, kjem forakt,og med skam følgjer spott.

4. Ein manns ord er som djupt vatn,og visdomens kjelde er ein bekk som vell fram.

5. Det er gale å halda med ein urettferdigog driva den rettferdige bort frå retten.

6. Dårens lepper valdar strid,munnen hans ropar etter riset.

7. Dårens munn blir hans undergang,leppene blir ei snare for han.

8. Ord frå ein baktalar er som lekre retter,dei glid ned i magen.

9. Den som forsømer arbeidet sitt,er bror til den som øydelegg.

10. Herrens namn er eit festningstårn,dit spring den rettferdige og finn vern.

Les hele kapitlet Ordtaka 18