Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 17:9-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på venskap,den som ber det vidare, skil ven frå ven.

10. Åtvaring bit betre på den klokeenn hundre slag på dåren.

11. Den som er vond, søkjer berre opprør,men eit nådelaust sendebod kjem imot han.

12. Det er betre å møta ei binne som har mista ungane sine,enn å møta ein dåre i hans dårskap.

13. Løner nokon godt med vondt,vik ulukka aldri frå huset hans.

14. Den som byrjar ein krangel, opnar for ein flaum.Hald opp før tretta bryt laus!

15. Å frikjenna ein skuldigog å dømma ein som har rett– Herren avskyr begge delar.

16. Kva hjelper pengar i handa på dåren?Kan han kjøpa visdom når han ikkje har vit?

17. Ein ven viser alltid kjærleik,ein bror er fødd til å hjelpa i naud.

18. Vitlaus er den som gjev handslagog kausjonerer for nesten sin.

19. Den som likar trette, likar synd;den som gjer døra høg, søkjer samanbrot.

20. Eit falskt hjarte finn ikkje det gode,ei svikefull tunge fører i ulukke.

21. Sorg får den som har ein dåre til son,far til ein narr har inga glede.

22. Glede i hjartet gjev god helse,mismot tærer på kroppen.

23. Den urettferdige tek imot gåver frå lommafor å vrengja rettens veg.

24. Den kloke har visdom for auge,dårars blikk flakkar til enden av jorda.

Les hele kapitlet Ordtaka 17