Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 17:2-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Ein forstandig slave blir herre over ein duglaus sonog får del i arven med brørne hans.

3. Sølv prøver ein i digelen og gull i smelteomnen,men Herren prøver hjarta.

4. Den som gjer vondt, lyttar til vonde tunger,løgnaren høyrer på skadeleg snakk.

5. Den som spottar den fattige, håner hans skapar,den som gleder seg over ulukke, slepp ikkje straff.

6. Barneborn er ei krone for dei gamle,og borna er stolte av fedrane sine.

7. Å bruka store ord sømer seg ikkje for ein dåre,løgn endå mindre for ein stormann.

8. Den som gjev stikkpengar, trur han har ein lukkestein,kvar han vender seg, går det han godt.

9. Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på venskap,den som ber det vidare, skil ven frå ven.

10. Åtvaring bit betre på den klokeenn hundre slag på dåren.

11. Den som er vond, søkjer berre opprør,men eit nådelaust sendebod kjem imot han.

12. Det er betre å møta ei binne som har mista ungane sine,enn å møta ein dåre i hans dårskap.

13. Løner nokon godt med vondt,vik ulukka aldri frå huset hans.

14. Den som byrjar ein krangel, opnar for ein flaum.Hald opp før tretta bryt laus!

15. Å frikjenna ein skuldigog å dømma ein som har rett– Herren avskyr begge delar.

Les hele kapitlet Ordtaka 17