Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 17:18-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Vitlaus er den som gjev handslagog kausjonerer for nesten sin.

19. Den som likar trette, likar synd;den som gjer døra høg, søkjer samanbrot.

20. Eit falskt hjarte finn ikkje det gode,ei svikefull tunge fører i ulukke.

21. Sorg får den som har ein dåre til son,far til ein narr har inga glede.

22. Glede i hjartet gjev god helse,mismot tærer på kroppen.

23. Den urettferdige tek imot gåver frå lommafor å vrengja rettens veg.

24. Den kloke har visdom for auge,dårars blikk flakkar til enden av jorda.

25. Ein uvitug son gjer far sin sint,er til beisk sorg for henne som fødde han.

26. Det er gale å gje ein rettferdig bøter,verre å slå stormenn fordi dei er rettskafne.

Les hele kapitlet Ordtaka 17