Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 17:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Den som er vond, søkjer berre opprør,men eit nådelaust sendebod kjem imot han.

12. Det er betre å møta ei binne som har mista ungane sine,enn å møta ein dåre i hans dårskap.

13. Løner nokon godt med vondt,vik ulukka aldri frå huset hans.

14. Den som byrjar ein krangel, opnar for ein flaum.Hald opp før tretta bryt laus!

15. Å frikjenna ein skuldigog å dømma ein som har rett– Herren avskyr begge delar.

16. Kva hjelper pengar i handa på dåren?Kan han kjøpa visdom når han ikkje har vit?

17. Ein ven viser alltid kjærleik,ein bror er fødd til å hjelpa i naud.

18. Vitlaus er den som gjev handslagog kausjonerer for nesten sin.

19. Den som likar trette, likar synd;den som gjer døra høg, søkjer samanbrot.

20. Eit falskt hjarte finn ikkje det gode,ei svikefull tunge fører i ulukke.

21. Sorg får den som har ein dåre til son,far til ein narr har inga glede.

22. Glede i hjartet gjev god helse,mismot tærer på kroppen.

Les hele kapitlet Ordtaka 17