Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 17:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Betre er ein tørr brødbit i ro og fredenn huset fullt av festmat og krangel.

2. Ein forstandig slave blir herre over ein duglaus sonog får del i arven med brørne hans.

3. Sølv prøver ein i digelen og gull i smelteomnen,men Herren prøver hjarta.

4. Den som gjer vondt, lyttar til vonde tunger,løgnaren høyrer på skadeleg snakk.

5. Den som spottar den fattige, håner hans skapar,den som gleder seg over ulukke, slepp ikkje straff.

6. Barneborn er ei krone for dei gamle,og borna er stolte av fedrane sine.

7. Å bruka store ord sømer seg ikkje for ein dåre,løgn endå mindre for ein stormann.

8. Den som gjev stikkpengar, trur han har ein lukkestein,kvar han vender seg, går det han godt.

9. Den som dekkjer over eit feilsteg, legg vinn på venskap,den som ber det vidare, skil ven frå ven.

10. Åtvaring bit betre på den klokeenn hundre slag på dåren.

Les hele kapitlet Ordtaka 17