Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 16:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Betre å ha lite med rettferdenn å få stor vinning med urett.

9. I hjartet tenkjer mannen ut sin veg,men det er Herren som styrer stega hans.

10. På kongens lepper er rette svar,han sviktar ikkje når han dømmer.

11. Rett vekt og vektskål er Herrens sak,kvart vektlodd i pungen er hans verk.

12. Kongar avskyr lovlaus gjerning,for ved rettferd skal trona tryggjast.

13. Ærlege lepper er til glede for kongen,han elskar den som talar rett.

14. Kongens harme ber bod om død,men ein vis kan stilla harmen.

15. Når kongens andlet lyser, er livet berga.Hans velvilje er som ei sky med vårregn.

16. Å kjøpa visdom er betre enn gull,å kjøpa innsikt er meir verdt enn sølv.

17. Vegen for dei rettskafne er å venda seg bort frå det vonde,den som aktar på si ferd, tek vare på livet.

18. Stormod kjem føre samanbrot,hovmod føre fall.

19. Betre å vera audmjuk med dei fattigeenn å dela bytte med dei stolte.

20. Den som handlar forstandig, skal finna det gode,sæl er den som lit på Herren.

21. Klok kallar dei den som har visdom i hjartet,veltalande tunge gjev større lærdom.

22. Den som har vit, har ei kjelde til liv,det er dumt å formana den dumme.

23. Hjartet til den vise gjer munnen hans klok,legg meir og meir lærdom på leppene hans.

Les hele kapitlet Ordtaka 16