Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 16:25-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Ein veg som synest vera den rette,kan likevel enda i døden.

26. Svolten får arbeidaren til å slita,hungeren driv han fram.

27. Eit vondsinna menneske grev opp vondskap,på leppene hans brenn det som eld.

28. Ein som er svikefull, valdar trette,den som baktalar andre, skil ven frå ven.

29. Valdsmannen lokkar sin nesteog fører han inn på ein veg som ikkje er god.

30. Han knip att auga, pønskar på svik;han pressar leppene saman og set det vonde i verk.

31. Grått hår er ei fager krone,på rettferds veg er ho å finna.

32. Betre å vera sein til vreide enn å vera krigshelt,betre å styra sitt sinn enn å ta ein by.

33. Dei rister terningen i fanget,korleis han fell, avgjer Herren.

Les hele kapitlet Ordtaka 16