Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 16:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Menneskehjartet legg sine planar,men svaret på tunga kjem frå Herren.

2. Ein mann kan synast at hans ferd er rein,men Herren prøver tankane.

3. Legg alt du gjer, i Herrens hand,så skal planane dine lukkast.

4. Herren skapte alt for eit føremål,jamvel den urettferdige for ulukkedagen.

5. Herren avskyr den som har eit hovmodig hjarte,når tida er inne, blir han straffa.

6. Med miskunn og truskap blir skuld sona,den som fryktar Herren, vender seg bort frå det vonde.

7. Den som går vegar som gleder Herren,får fred jamvel med fiendane sine.

Les hele kapitlet Ordtaka 16