Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 15:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eit mildt svar døyver sinne,sårande ord vekkjer harme.

2. Vises tunge gjev god kunnskap,men dårskap strøymer frå dårars munn.

3. Herrens auge er alle stader,dei vaker over vonde og gode.

4. Ei lækjande tunge er eit livsens tre,ei falsk tunge knuser livsmotet.

5. Den dumme foraktar formaning frå far sin,klok er den som lèt seg visa til rette.

6. Den rettferdiges hus rommar stor rikdom;det den urettferdige vinn, fører til ulukke.

7. Vises lepper strør ut kunnskap,det gjer ikkje dårens hjarte.

8. Herren avskyr offer frå urettferdige,bøn frå dei rettskafne har han glede i.

9. Herren avskyr vegen til den urettferdige,men elskar den som jagar etter rettferd.

10. Streng straff får den som går bort frå stigen,den som hatar tilrettevising, skal døy.

11. Dødsrike og avgrunn ligg opne for Herren,kor mykje meir då menneskehjartet.

12. Spottaren mislikar å bli vist til rette,han går ikkje til dei vise.

13. Glede i hjartet gjer andletet venleg,sorg i hjartet gjer motlaus.

14. Eit klokt hjarte søkjer kunnskap,men dårens munn lever av dårskap.

15. For ein fattig er alle dagar vonde,den fornøgde gjer kvar dag til ein fest.

Les hele kapitlet Ordtaka 15