Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 14:8-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Den klokes visdom er å kjenna sin veg,dårars dårskap er å narra seg sjølve.

9. Dei dumme talar hånleg om skuld,hos dei rettskafne rår velvilje.

10. Hjartet kjenner si eiga sorg,ingen framand er med det i gleda.

11. Dei urettferdige får huset lagt øyde,men det blømer i teltet til dei rettskafne.

12. Ein veg som synest vera den rette,kan likevel enda i døden.

13. Jamvel når ein ler, kan hjartet lidaog gleda enda med sorg.

14. Den trulause blir mett av si eiga ferdog den gode av sine gjerningar.

15. Den truskuldige trur alt som blir sagt,den kløktige gjev akt på sine steg.

16. Den vise fryktar det vonde og vender seg bort frå det,dåren er overmodig og sjølvsikker.

17. Den som er bråsint, gjer dumme ting,den som legg vonde planar, blir hata.

18. Dei truskuldige arvar dårskap,dei kløktige blir krona med kunnskap.

19. Dei vonde må bøya seg for dei godeog dei urettferdige ved portane til dei rettferdige.

20. Jamvel av sin neste blir den fattige hata,mange er dei som elskar den rike.

21. Synd gjer den som foraktar sin neste,sæl er den som viser medynk med dei fattige.

22. Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill,dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.

Les hele kapitlet Ordtaka 14