Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 14:24-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Rikdom kronar dei vise,dårars dårskap er og blir dårskap.

25. Eit ærleg vitne bergar liv,den som fer med løgn, er ein svikar.

26. Å frykta Herren er eit trygt vern,der kan borna òg søkja tilflukt.

27. Å frykta Herren er ei kjelde til livslik at ein vender seg bort frå dødens snarer.

28. Å ha mykje folk er til heider for kongen,mangel på folk gjer at fyrsten fell.

29. Den som er sein til vreide, har stor innsikt,den bråsinte viser kor dum han er.

30. Eit friskt hjarte gjev kroppen liv,sjalusi er som verk i knoklane.

Les hele kapitlet Ordtaka 14