Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 14:14-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Den trulause blir mett av si eiga ferdog den gode av sine gjerningar.

15. Den truskuldige trur alt som blir sagt,den kløktige gjev akt på sine steg.

16. Den vise fryktar det vonde og vender seg bort frå det,dåren er overmodig og sjølvsikker.

17. Den som er bråsint, gjer dumme ting,den som legg vonde planar, blir hata.

18. Dei truskuldige arvar dårskap,dei kløktige blir krona med kunnskap.

19. Dei vonde må bøya seg for dei godeog dei urettferdige ved portane til dei rettferdige.

20. Jamvel av sin neste blir den fattige hata,mange er dei som elskar den rike.

21. Synd gjer den som foraktar sin neste,sæl er den som viser medynk med dei fattige.

22. Dei som tenkjer ut vondt, fer alltid vill,dei som har godt i tankar, møter miskunn og truskap.

23. Alt strev fører vinning med seg,tomt snakk gjev berre tap.

24. Rikdom kronar dei vise,dårars dårskap er og blir dårskap.

25. Eit ærleg vitne bergar liv,den som fer med løgn, er ein svikar.

26. Å frykta Herren er eit trygt vern,der kan borna òg søkja tilflukt.

27. Å frykta Herren er ei kjelde til livslik at ein vender seg bort frå dødens snarer.

28. Å ha mykje folk er til heider for kongen,mangel på folk gjer at fyrsten fell.

Les hele kapitlet Ordtaka 14