Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 14:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den vise kvinna byggjer huset,den dumme riv det ned med eigne hender.

2. Den som går rett fram, fryktar Herren,den som går krokvegar, foraktar han.

3. I den dummes munn skyt hovmod fram,men for dei vise er leppene eit vern.

4. Utan oksar er krubba tom,men med sterke stutar følgjer stor avling.

5. Eit ærleg vitne lyg ikkje,men falske vitne fer med løgn.

6. Ein spottar søkjer visdom, men finn han ikkje,for den som er klok, er det lett å få kunnskap.

7. Hald deg borte frå dåren,du får ikkje kunnskap frå leppene hans.

8. Den klokes visdom er å kjenna sin veg,dårars dårskap er å narra seg sjølve.

9. Dei dumme talar hånleg om skuld,hos dei rettskafne rår velvilje.

Les hele kapitlet Ordtaka 14