Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 13:8-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Somme kan kjøpa seg fri med rikdom,men den fattige blir ikkje utsett for trugsmål.

9. Lyset til dei rettferdige skin klårt,men lampa til dei urettferdige sloknar.

10. Hovmod fører berre til trette,vise er dei som tek imot råd.

11. Lettvunnen rikdom minkar snart,den som samlar jamt og trutt, får mykje.

12. Langvarig venting gjer hjartet sjukt,eit oppfylt ønske er eit livsens tre.

13. Den som foraktar ordet, går det ille,den som har age for bodet, får løn.

14. Den vises lære er ei kjelde til livslik at ein vender seg bort frå dødens snarer.

15. Godt vit vinn velvilje,svikarars ferd er alltid den same.

16. Den kløktige fer fram med vit,dåren lèt alle sjå at han er dum.

17. Ein upåliteleg bodberar fell i ulukke,eit trufast sendebod kjem med lækjedom.

18. Fattigdom og skam får den som ikkje tek imot formaning.Den som lèt seg visa til rette, får ære.

19. Eit oppfylt ønske gjer sjela godt,dårar avskyr å venda seg bort frå det vonde.

20. Den som ferdast med dei vise, blir vis,men den som held lag med dårar, går det ille.

21. Ulukke forfølgjer syndarar,dei rettferdige får det gode til løn.

22. Den gode lèt etter seg arv til barneborn,det syndaren eig, blir spart til den rettferdige.

23. Fattigfolks nybrot gjev rikeleg føde,men alt går tapt når uretten rår.

24. Den som sparer på riset, hatar son sin,den som elskar, formanar han seint og tidleg.

Les hele kapitlet Ordtaka 13