Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 13:3-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Den som aktar sine lepper, tek vare på livet,den som er stor i munnen, skader seg sjølv.

4. Den late får ikkje det han trår etter,men flittige får i overflod.

5. Den rettferdige hatar usann tale,den urettferdige handlar skammeleg og frekt.

6. Rettferd vernar den som er heil i si ferd,men urett fører ein syndar til fall.

7. Éin spelar rik, men har ingen ting,ein annan ter seg fattig, men eig mykje.

8. Somme kan kjøpa seg fri med rikdom,men den fattige blir ikkje utsett for trugsmål.

9. Lyset til dei rettferdige skin klårt,men lampa til dei urettferdige sloknar.

10. Hovmod fører berre til trette,vise er dei som tek imot råd.

11. Lettvunnen rikdom minkar snart,den som samlar jamt og trutt, får mykje.

12. Langvarig venting gjer hjartet sjukt,eit oppfylt ønske er eit livsens tre.

13. Den som foraktar ordet, går det ille,den som har age for bodet, får løn.

14. Den vises lære er ei kjelde til livslik at ein vender seg bort frå dødens snarer.

15. Godt vit vinn velvilje,svikarars ferd er alltid den same.

16. Den kløktige fer fram med vit,dåren lèt alle sjå at han er dum.

Les hele kapitlet Ordtaka 13