Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 12:11-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,vitlaus er den som jagar etter fåfengde ting.

12. Den urettferdige vil setja vonde snarer,rota til dei rettferdige skal stå fast.

13. Svikefulle lepper blir ei felle for den vonde,den rettferdige slepp ut or nauda.

14. Kvar og ein nyt godt av det munnen ber fram,eit menneske får att for det som det har gjort.

15. Den dumme held sin veg for å vera den rette,vis er den som høyrer på råd.

16. Den dumme viser det straks når han er sint,klok er den som teier når han blir krenkt.

17. Den som vitnar sant, talar rett,falske vitne fer med svik.

18. Tankelaus tale stikk som sverd,men vismenn har lækjedom på tunga.

19. Lepper som talar sant, står seg for alltid,ei tunge som lyg, berre ei lita stund.

20. Dei som tenkjer ut vondt, har svik i hjartet,glede får dei som rår til fred.

21. Ikkje noko vondt skal ramma den rettferdige,dei urettferdige får ulukke i fullt mål.

22. Herren avskyr lygande lepper,men gler seg over dei som viser truskap.

23. Den kløktige skjuler sin kunnskap,dårane ropar dumskapen ut.

24. Flittig hand får herska,latskap leier til slavekår.

25. Uro i hjartet tyngjer mannen,eit godt ord gjer han glad.

26. Den rettferdige slepp unna det vonde,men vegen dei urettferdige går, fører vill.

27. Den late får ikkje steikt sin mat,den flittige får rike skattar.

28. På rettferds stig er livet å finna,den vegen fører ikkje til døden.

Les hele kapitlet Ordtaka 12