Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 12:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den som elskar formaning, elskar kunnskap,dum er den som hatar tilrettevising.

2. Den som er god, vinn velvilje hos Herren,den som legg vonde planar, blir dømd skuldig.

3. Med urett kan ingen stå støtt,rota til dei rettferdige kan ingen rikka.

4. Dugande kvinne er ei krone for mannen,duglaus kone er som verk i knoklane.

5. Dei rettferdige tenkjer på det som er rett,dei urettferdige legg svikefulle planar.

6. Dei urettferdige talar og ligg på lur etter blod,tunga bergar dei rettskafne.

7. Dei urettferdige blir kasta i koll og kjem bort,husa til dei rettferdige står.

8. Ein mann får ros etter sitt vit,den som tenkjer vrangt, blir forakta.

9. Betre å vera lite vørd og ha ein tenarenn å spela storkar og mangla mat.

10. Den rettferdige har omsorg for buskapen sin,dei urettferdige er utan hjartelag.

11. Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett,vitlaus er den som jagar etter fåfengde ting.

12. Den urettferdige vil setja vonde snarer,rota til dei rettferdige skal stå fast.

13. Svikefulle lepper blir ei felle for den vonde,den rettferdige slepp ut or nauda.

14. Kvar og ein nyt godt av det munnen ber fram,eit menneske får att for det som det har gjort.

15. Den dumme held sin veg for å vera den rette,vis er den som høyrer på råd.

16. Den dumme viser det straks når han er sint,klok er den som teier når han blir krenkt.

Les hele kapitlet Ordtaka 12