Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 11:22-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Ei vakker kvinne utan viter som ein gullring i eit grisetryne.

23. Dei rettferdige lengtar berre etter det gode,dei urettferdige har vreide i vente.

24. Éin strør ut og får likevel meir,ein annan er gjerrig og endar i fattigdom.

25. Den gåvmilde får gode dagar,den som auser ut til andre, får rikeleg tilbake.

26. Den som held på kornet sitt, blir forbanna av folket;velsigning får den som vil selja.

27. Den som legg vinn på det gode, søkjer det som er til glede.Den som strevar etter det vonde, får det over seg sjølv.

28. Den som lit på sin rikdom, fell,dei rettferdige veks fram som lauvet.

29. Den som ikkje steller sitt hus, haustar vind,den dumme blir slave for den som er vis.

30. Den rettferdiges frukt er eit livsens tre,men valdsferd tek liv.

31. Når den rettferdige får si løn på jorda,kor mykje meir då ein urettferdig og ein syndar!

Les hele kapitlet Ordtaka 11