Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 11:10-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Går det godt for dei rettferdige, jublar byen,går dei urettferdige til grunne, lyder glederop.

11. Ved velsigning frå rettskafne blir byen bygd,tunga til urettferdige legg han i røys.

12. Den vitlause viser forakt for sin neste,den forstandige teier stilt.

13. Den som baktalar, spreier løyndomar,ein påliteleg held saka skjult.

14. Utan leiarar vil folket falla.Redninga ligg i å ha mange rådgjevarar.

15. Ille går det den som kausjonerer for ein framand,den som nektar å gje handslag, er trygg.

16. Ei elskeleg kvinne vinn ære,dei flittige vinn rikdom.

17. Den som er godhjarta, har gagn av det,den hjartelause skader seg sjølv.

18. Den urettferdige vinn seg ei sviktande løn,men den som sår rettferd, ei løn som varer.

19. Rettferd fører til liv,den som jagar etter vondskap, må døy.

20. Herren avskyr eit falskt hjarte,han gler seg over dei som er heile i si ferd.

21. Når tida er inne, blir den vonde straffa,men ætta til dei rettferdige går fri.

22. Ei vakker kvinne utan viter som ein gullring i eit grisetryne.

23. Dei rettferdige lengtar berre etter det gode,dei urettferdige har vreide i vente.

24. Éin strør ut og får likevel meir,ein annan er gjerrig og endar i fattigdom.

25. Den gåvmilde får gode dagar,den som auser ut til andre, får rikeleg tilbake.

26. Den som held på kornet sitt, blir forbanna av folket;velsigning får den som vil selja.

Les hele kapitlet Ordtaka 11