Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 11:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren avskyr falsk vekt,men han gler seg over fullvektig lodd.

2. Kjem hovmod, kjem skam,med dei audmjuke følgjer visdom.

3. Rettsinn leier dei ærlege,uærlegdom gjer ende på svikarane.

4. Rikdom er til inga nytte på vreidedagen,men rettferd bergar frå døden.

5. Rettferd jamnar vegen for den som er heil,den urettferdige fell for sin eigen urett.

6. Rettferd bergar dei rettskafne,svikarar blir fanga av si eiga lyst.

7. Når den urettferdige døyr, er håpet ute,hans kraft gjev ikkje lenger von.

8. Den rettferdige blir berga or naud,den urettferdige blir råka i staden.

9. Den gudlause bryt ned sin neste med tunga,dei rettferdige bergar seg ved sin forstand.

10. Går det godt for dei rettferdige, jublar byen,går dei urettferdige til grunne, lyder glederop.

11. Ved velsigning frå rettskafne blir byen bygd,tunga til urettferdige legg han i røys.

12. Den vitlause viser forakt for sin neste,den forstandige teier stilt.

13. Den som baktalar, spreier løyndomar,ein påliteleg held saka skjult.

14. Utan leiarar vil folket falla.Redninga ligg i å ha mange rådgjevarar.

Les hele kapitlet Ordtaka 11