Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 10:17-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Å akta på formaninga er ein veg til liv,å forakta tilrettevising fører vill.

18. Den som løyner hat, har lygande lepper,ein dåre er den som fer med slarv.

19. Der det er mange ord, er det ingen mangel på synd,forstandig er den som tøymer tunga.

20. Den rettferdiges tunge er som utsøkt sølv,hjartet til dei urettferdige er lite verdt.

21. Den rettferdiges lepper rettleier mange,dumme døyr, for dei har ikkje vit.

22. Det er Herrens velsigning som gjer rik,eige strev legg ingenting til.

23. Skamlaus gjerning er til lyst for dåren,visdom er til lyst for den vituge.

24. Det den urettferdige er redd for, kjem over han,men dei rettferdige får det dei lengtar etter.

25. Når stormen fer forbi, blir den urettferdige borte,men den rettferdige har ein grunnvoll som varer.

26. Som eddik for tennene og røyk for augaer den late for den som set han i arbeid.

Les hele kapitlet Ordtaka 10