Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 10:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Den rettferdiges munn er ei kjelde til liv,men munnen til urettferdige løyner vald.

12. Hat vekkjer strid,men kjærleik løyner alle synder.

13. På leppene til den kloke er visdom å finna,men stokken skal råka ryggen til den vitlause.

14. Dei vise samlar på kunnskap;når den dumme talar, er ulukka nær.

15. Rikmanns gods er hans faste borg,fattigdom er til ulukke for småkårsfolk.

16. Løna til den rettferdige gjev liv,det den urettferdige tener, fører til synd.

17. Å akta på formaninga er ein veg til liv,å forakta tilrettevising fører vill.

18. Den som løyner hat, har lygande lepper,ein dåre er den som fer med slarv.

19. Der det er mange ord, er det ingen mangel på synd,forstandig er den som tøymer tunga.

20. Den rettferdiges tunge er som utsøkt sølv,hjartet til dei urettferdige er lite verdt.

21. Den rettferdiges lepper rettleier mange,dumme døyr, for dei har ikkje vit.

Les hele kapitlet Ordtaka 10