Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 10:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ordtak frå Salomo.Ein klok son er til glede for far sin,men ein tåpeleg son er mor si til sorg.

2. Skattar vunne med urett er til inga nytte,men rettferd bergar frå døden.

3. Herren lèt ikkje den rettferdige svelta,men seier nei når dei urettferdige krev.

4. Lat hand gjer fattig,men flittige hender gjer rik.

5. Den forstandige samlar medan det er sommar,skam får den som søv når det er tid for å hausta.

6. Over hovudet på den rettferdige kjem velsigning,men munnen til urettferdige løyner vald.

7. Minnet om den rettferdige blir til velsigning,men ryktet til urettferdige rotnar bort.

8. Den som er vis i hjartet, tek boda til seg,men den som har dumskap på leppene, går til grunne.

9. Trygt går den som er heil i si ferd,men den som går krokvegar, blir avslørt.

10. Den som sender hånlege blikk, valdar smerte,men den som har dumskap på leppene, går til grunne.

11. Den rettferdiges munn er ei kjelde til liv,men munnen til urettferdige løyner vald.

12. Hat vekkjer strid,men kjærleik løyner alle synder.

13. På leppene til den kloke er visdom å finna,men stokken skal råka ryggen til den vitlause.

Les hele kapitlet Ordtaka 10