Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 1:7-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Å frykta Herren er opphav til kunnskap,dei dumme foraktar formaning og visdom.

8. Høyr etter, son min, når far din formanar,forkast ikkje rettleiing frå mor di!

9. For det er ein vakker krans om hovudet,ei kjede som pryder halsen din.

10. Son min, følg ikkje syndarar om dei lokkar deg,

11. om dei seier: «Kom med oss!Vi vil liggja på lur etter blod,setja feller for skuldlause utan grunn.

12. Som dødsriket vil vi sluka dei levandeog heile, lik dei som går i grav.

13. Alt som er kostbart, skal vi finna,fylla våre hus med røva gods.

14. Våg du lukka di hos oss,så skal vi ha felles kasse.»

15. Slå ikkje lag med dei, min son,hald din fot frå deira stigar!

16. Foten deira spring lett etter det som er vondt,og dei er snare til å ausa ut blod.

17. For det er nyttelaust å spenna nettetmedan fuglane ser det.

18. Men dei ligg på lur etter sitt eige blod,dei set feller for seg sjølve.

19. Slik går det med alle som jaktar på vinning,ho tek livet av eigaren sin.

Les hele kapitlet Ordtaka 1