Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 1:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. til å ta imot formaning som gjev innsiktom ærlegdom, rettferd og rett,

4. til å gje vitlause vitog den unge kunnskap og omtanke.

5. Den vise skal høyra og auka sin lærdom,den kloke læra å bruka sin tanke

6. så han skjønar ordtak og bilettale,ord av vismenn og gåtene deira.

7. Å frykta Herren er opphav til kunnskap,dei dumme foraktar formaning og visdom.

8. Høyr etter, son min, når far din formanar,forkast ikkje rettleiing frå mor di!

9. For det er ein vakker krans om hovudet,ei kjede som pryder halsen din.

10. Son min, følg ikkje syndarar om dei lokkar deg,

11. om dei seier: «Kom med oss!Vi vil liggja på lur etter blod,setja feller for skuldlause utan grunn.

12. Som dødsriket vil vi sluka dei levandeog heile, lik dei som går i grav.

13. Alt som er kostbart, skal vi finna,fylla våre hus med røva gods.

14. Våg du lukka di hos oss,så skal vi ha felles kasse.»

Les hele kapitlet Ordtaka 1