Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 1:21-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Ho ropar ut midt i ståket,tek til ords ved byportane:

22. Kor lenge skal de vitlause elska vitløysa?Kor lenge skal spottarane nyta sin spottog dårane hata kunnskap?

23. Snu dykk hit når eg talar til rette!Då lèt eg min pust strøyma ut til dykkog kunngjer orda mine for dykk.

24. Eg ropa, men de ville ikkje høyra,rette handa ut, men ingen lytta.

25. De kasta alle mine råd til side,ville ikkje høyra då eg tala til rette.

26. Difor skal eg le når ulukka rammar,og spotta når de blir slegne av redsle,

27. når redsla kjem som eit uvêrog ulukka som ein storm,når naud og trengsle kjem over dykk.

28. Då skal dei ropa, men eg svarar ikkje;dei skal leita, men ikkje finna meg.

29. For dei hata kunnskap,dei valde ikkje å frykta Herren,

30. dei ville ikkje ha mitt råd,viste ingen respekt då eg tala til rette,

31. Difor skal dei smaka frukta av si ferdog mettast av sine eigne planar.

32. Vitlause vender seg bort og lèt livet,sorgløysa valdar at dårane stuper.

33. Men den som høyrer på meg, bur trygt,i ro utan redsle for noko vondt.

Les hele kapitlet Ordtaka 1