Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 1:17-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. For det er nyttelaust å spenna nettetmedan fuglane ser det.

18. Men dei ligg på lur etter sitt eige blod,dei set feller for seg sjølve.

19. Slik går det med alle som jaktar på vinning,ho tek livet av eigaren sin.

20. Visdomen ropar høgt på gata,lèt røysta lyda på alle torg.

21. Ho ropar ut midt i ståket,tek til ords ved byportane:

22. Kor lenge skal de vitlause elska vitløysa?Kor lenge skal spottarane nyta sin spottog dårane hata kunnskap?

23. Snu dykk hit når eg talar til rette!Då lèt eg min pust strøyma ut til dykkog kunngjer orda mine for dykk.

24. Eg ropa, men de ville ikkje høyra,rette handa ut, men ingen lytta.

25. De kasta alle mine råd til side,ville ikkje høyra då eg tala til rette.

26. Difor skal eg le når ulukka rammar,og spotta når de blir slegne av redsle,

27. når redsla kjem som eit uvêrog ulukka som ein storm,når naud og trengsle kjem over dykk.

28. Då skal dei ropa, men eg svarar ikkje;dei skal leita, men ikkje finna meg.

Les hele kapitlet Ordtaka 1